23 spente fyrsteklassingar klare for skulestart - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

23 spente fyrsteklassingar klare for skulestart

Lærar Eldri Frøyse ynskjer fyrsteklassingane velkomen

23 spente fyrsteklassingar troppa opp på Skjåk barne- og ungdomskule for aller fyrste skuledag i går, måndag 19. august. Ein og ein vart dei ropt opp og ynskja velkomen av rektor ved skulen, Trude Teigen, og lærarar. Spente og full av forventing og nokre sjenerte fyrsteklassingar handhelste på rektor og lærarar, fekk ei rose, før turen gjekk vidare til klasserommet og ein heilt ny kvardag.

Skjåk kommune ynskjer alle store og små, i skule og barnehage velkomne og lykke til med nytt skule- og barnehageår.