90 ungar frå Skjåk er med på Sommarles

Gjer som Lina, Eilev, Andreas og Henrik - bli med du også! Kampanjen varer heilt til 31. august.

 Lina og Eilev Eiesar er med på "Sommarles" Sigrun Eide            

Boktips frå Lina og Eilev
Lina likar bøker om dyr og Eilev har lånt boka "Den store prompekonkurransen".

Sommarles.no

Den nasjonale og digitale lesekampanjen Sommarles.no er altså i full gang. Sommarles har vore ein stor suksess gjennom fleire år. I fjor deltok over 120 000 ungar.

Målet med kampanjen er å motivere ungane til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie. Undervegs er det mange fine premiar å hente. I september blir det heile avslutta med show og fest.

Foto: Sigrun Eide - Klikk for stort bildeAndreas og Henrik Lien Dijkstra er med på "Sommarles"    

Boktips frå Andreas og Henrik
Andreas likar boka "Verdens verste barn" medan storebror Henrik anbefaler serien "Kattekrigerne".

Kampanjen er for alle i 1.-7. klasse, også dei som skal byrje på skulen i haust og dei som gjekk ut av 7. klasse no i vår. Alle skuleelevar har fått informasjon om korleis du kan melde deg på. Elles er det berre å ta kontakt med Skjåk folkebibliotek om du lurar på noko.