Aktiv Sommarferie 2018

Bli med på Aktiv sommarferie 25.-29. juni i Skjåk. Det er mange påmelde, men vi har nokre få plassar igjen. Fyrstemann til mølla!


 

Bli med på Aktiv Sommarferie 25.-29. juni i Skjåk! 

Fyrste veka av sommarferien er det klart for Aktiv Sommarferie for barn og ungdom frå 1.klasse (fødd 2011) til 10.klasse. Det blir delt inn i årsklasser, og kvar gruppe får aktivitetar tilpassa sin alder og nivå. Det er eigne leiarar som fylgjer gruppene gjennom heile veka. Aktiv sommarferie er for barn og ungdom frå heile landet.

Leiren blir arrangert av Skjåk kommune.
Pris kr 850,- per deltakar. Syskjen utover dette kr 720,-. Beløpet blir fakturert. 
Det blir frukt kvar dag.

Program

Nytt i år er at vi skal ein heil dag til Lom for å prøve Aktiv i Lom sine aktivitetar! Både gyrotrampoline, det nye klatretårnet og Prestfosstraversen. Om vi får tid kan det og hende vi prøvar å få til pedal-gocart. Superartige aktivitetar! 
I tillegg blir det som vanleg rafting, fjelltur, vasskrig og fleire andre aktivitetar her i Bismo. Sjå program her!! (PDF, 151 kB)

Påmeldingsfristen

Det var påmeldingsfrist 8. juni, men per 14. juni har vi fortsatt nokre få ledige plassar. Fyrstemann til mølla!

Elektronisk påmeldingsskjema finn du på www.skjaak.kommune.no . Det vil bli sendt ut informasjon på e-post til alle veka før Aktiv sommarferie startar. 


BLI MED PÅ DAGAR FULLE AV SPENNANDE AKTIVITETAR!

For meir info kontakt:

Kari Hånsnar, tel 991 62 602. E-post: kari.hansnar@skjaak.kommune.no
 

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602