BarnehagelesVelkomen til "Barnehageles" – ein enkel og koseleg lesekampanje for barn i barnehagealder saman med vaksne rundt dei. Barnehageles i Skjåk Leseglede startar i fangetNår barn blir lesne for tidleg, møter dei fleire ord, historier og tankar. Høgtlesing styrkjer språk og ordforråd, vekkjer fantasi og nysgjerrigheit og gir eit godt grunnlag for læring seinare. Men lesing handlar òg om noko heilt enkelt: nærleik, ro og tid saman. Eit fang, ei bok, ei stund – slik veks språk, fantasi og undring. Ei kort stund med bok kvar dag kan gjere stor forskjell. Barn som blir lesne for før dei sjølve finn orda, møter ofte skulen med eit rikare ordforråd og fleire ord å forstå verda med. Slik blir de med på “Barnehageles”Les eller lytt til bøker saman. Skriv inn titlane de har lese. Kvar 5. bok = få klistremerke på biblioteket. Kvar 20. bok = hent premie på biblioteket. Alle barnehageungar har fått leseskjema med heim frå barnehagen. Du kan også hente skjema på biblioteket. Stor aktivitet i barneavdelinga Forsking viser at barn som blir lesne for frå tidleg alder, møter tusenvis av fleire ord enn andre barn. Men kanskje det viktigaste er alt det som ikkje kan teljast: nærleiken, samtalane og lesegleda de deler.Usikre på kva de skal lese?Kom innom Skjåk folkebibliotek! Vi hjelper dykk å finne bøker som passar barnet og deg. Du finn oss på kommunehuset i Skjåk.Velkomne! Sist endret 17.06.2026 13.13