Bedriftsportrettet: Laila’s Hjemmelagde

Klikk for stort bilde

Det lir mot jul og ein smak av julekakene står klare på kjøkenbordet, når næringskontoret kjem på besøk for ein prat. Laila Arnestuen på Prestegården nordre i Skjåk er ei av fleire som har fått etablerarstipend frå Skjåk kommune for å kome i gang med bedrifta si. «Laila’s Hjemmelagde».

Starta med barnebunadar

Laila har i alle år vore interessert i handarbeid og det er ikkje får ting som har vore skapt med hendene hennar. Etter kvart såg ho at hobbyen heldt på og vart noko meir enn berre ein hobby, og i 2016 registrerte ho foretaket sitt, Laila’s Hjemmelagde. Det var barnebunadar Laila starta med, og etter kvart har ho utvida til å lage både herre og damebunadar. Det er ikkje mange som driv med dette unike handverket lengre. Dei som har drive med dette i Skjåk tidlegare held på og dreg på åra, og har trappa noko ned med syinga. Det er særleg to damer som Laila dreg fram som inspiratorar og mentorar for seg sjølv, og det er Jenny Steinsgard og Ragna Sperstad. Dette er drivne damer som gjerne deler både røynsle og kunnskap om faget.

Laila tek utdanning på Raulandsakademiet innan bunadstilverking samstundes med at ho syr, har fast jobb på Coop Prix Skeimo og er gardkjerring. Det seier seg sjølv at dette er ei dame som nyttar døgnet til fulle.

Utdanning som bunadtilverkar 

Bunadtilverkaren utarbeider mønstre, broderer, monterer og tilpassar bunader. Det finnes hundrevis av ulike bunader, så arbeidet varierer etter område og bunaden sitt historiske opphav. Som bunadtilverker syr ein for både hand og på symaskin. Omsaum og reparasjonar høyrer også med til yrket. 

Vanlige arbeidsoppgåver for bunadtilverkaren er måltaking og klypping, søm- og monteringsarbeid, brodering og veving og pressing og etterbehandling.

I tillegg til ulike søm- og broderingsteknikkar kan arbeidet omfatte veving, strikking og tvinning av snorer og band. I periodar av året vil det vere mykje arbeid som skal ferdigstillast til ei bestemt tid, til dømes til 17. mai. 

Utdanning til fagarbeidar er eit yrkesfaglig løp i vidaregåande opplæring. Målet til Laila er å ta svennebrev i bunadtilverkarfaget. Bunadtilverkarar kan arbeide i husflidsbutikker, på museer eller i mindre tekstilvirksomheter. Dei fleste driv eigen verkstad, slik Laila gjer.

Bunadtilverkaren må ha godt handlag, være nøyaktig, og ha gode kommunikasjonsevner.  Ein bør være interessert i drakthistorie og tekstilar. I tillegg bør ein være serviceinnstilt. Etter det vi kan sjå, er alle desse eigenskapane på plass hjå Laila. Ho tek utdanninga over 1,5 år, og er på samling 4 gonger i året. Dette beskriv ho som krevjande, inspirerande og artige dagar samstundes med at ho tek det litt som ein husmorferie. 

Bunadspolitiet

Bunadsmarknaden er utsett for konkurranse frå utlandet. Dette har vorte ei utfordring særleg når det gjeld pris og kvalitet. Dei aller fleste ønskjer seg ein bunad som er gjort på tradisjonelt vis, når ein fyrst går til det skrittet at ein vil investere i eit slikt plagg. Da er det fint å ha eit svennebrev og vise til, meiner Laila. Ho merker alle plagga ho lagar med namnet sitt. 

Utanlandsproduserte bunadar blir som å kjøpe ein veldig dyr kopi, meiner initiativtakar til Bunadspolitiet, Siri Sveen Haaland. Målet deira er å endre norsk lov, slik at klede, mellom anna bunadar, må bli merka med kor dei er laga. Dei har og som mål å framsnakke norske bunadar, norske tilverkarar og breidda i dei ulike bunadane.

Laila meiner det er viktig å spele på lag med andre i Skjåk og bygdene ikring, som lagar ulike ting til bunadar. Ho syner da til heimevove stoff og bunadssylv. Ho har både lokalproduserte stoffprøver og forslag til ulike sylvknappar frå fleire lokale sylvsmedar, slik at kunden kan sjå kva som finst å velje i.  

Bunad på UNESCOs kulturarvlister

Den folkelege og allmenne bunadbruken i Noreg står i ei særstilling i internasjonal samanheng. Derfor vil Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Norges Husflidslag, Noregs Ungdomslag, Norsk Folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon få norsk bunadbruk på UNESCOs oversikt over immateriell kulturarv. 

Kven vil ha bunad?

Dei aller fleste jentene i Skjåk og Gudbrandsdalen konfirmerer seg i bunad. Dei siste åra har det vore Gudbrandsdals festdrakt eller «sydd- drakt» som har vore mest populær. Damebunadar er enklare å legge inn godt justeringsmonn på enn herre bunadar. Gutane venter som regel med å få laga seg bunad til dei har passert 25 år. Da er dei oftast ferdige med å vekse. Etter kvart som dei blir eldre får ofte damer laga seg damaskstakk og karane får laga seg ulikt tilbehør til bunaden sin. Dei kan gå over frå nikkers til langbukse og frå ruta vest til damaskvest, eller omvendt. 

Marknadsføring

Laila har ikkje brukt mykje kroner på marknadsføring. Ho har ein facebook og ein instagram profil. Der legg ho ut bilde av ting under produksjon og ferdige produkt. Det hender óg at det kjem eit og anna tipset om måtar å gjere ting på også. Ho brukar og emneknaggar som har med bunadar å gjere. Kvar bunad som blir levert er den beste marknadsføringa. Slik har denne verksemda vokse og vorte mykje meir enn ein hobby.

Det er ikkje berre bunadar som blir til på Prestegården. Ein kan og få sydd gardiner, skifta glidelås i god-jakka eller buksa, strikka diverse med vidare. I skrivande stund er det snart juleball på ungdomsskulen, og da kjem det ein og annan ballkjole som skal tilpassast. Laila ser at det har vore ei oppblomstring på heimelaga klede dei siste åra. Ein kan berre sjå korleis trenden med å strikke kofter har teke av. 

Inne i eit dynetrekk heng det eit anna spanande prosjekt. Det er ein svært gamal bunad med liv av brodert fløyel og damaskstakk. Denne skal Laila prøve å kopiere slik at den kan koma fram i ljoset att.

Sosialt å vere syerske

Det blir ein god del besøk, når ein driv som syerske. Det skal målast, tilpassast, prøvast og hentast. Ofte vankar det ein kaffikopp rundt kjøkenbordet. Det er sambuaren, Tor Inge, som har rolla som kaffikokar. Vi er sosiale folk som gjerne slår av ein prat ved kundane. Dei opplever det som litt høgtidsamt når nokon kjem for å hente bunaden sin. Kundane blir rake i ryggen og stolte når dei får på seg det ferdige produktet. Dei blomstrar opp og tykkjer dei er fine. Ein gong opplevde dei at ein som skulle hente bunaden sin, fekk han på seg og tykte han vart svært så fin. Etter ei stund reiste han heim i bunaden, medan kleda han kom i låg att. Ein annan gong leverte ho bunadar til tre brør samstundes. Dette er og ein dag ho ikkje kjem til å gløyme.

Det er ikkje så mange andre plagg ein får ein slik reaksjon av å få på seg. Det handlar om verdiar som tradisjon, stoltheit, kulturarv, kunnskap, naturmaterialar og kvalitet. 

Etablerarstipend frå Skjåk kommune

Når ein skal starte opp eiga bedrift, er det fint å ha nokon som trur på ein og som er heiagjeng. Eg fekk god hjelp frå næringskontoret til å sette opp ein forretningsplan og søknad. Dette er noko eg ikkje hadde kome ifrå sjølv, seier Laila. Stipendet frå Skjåk kommune gjorde at eg fekk laga meg ein stad å drive med verksemda mi. Eg kunne og kjøpe inn eit varelager og litt utstyr som må til for å drive med bunadtilverking. Eg har og nokre kroner som eg kan utdanne meg vidare for. Dette set eg stor pris på! Eg ser på det som ei tillitserklæring.

Pågangen av folk som ynskjer seg bunad er stor og kanskje på sikt må det til fleire hender for å dekke behovet. Næringskontoret ønskjer lykke til vidare med arbeidet!

Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde
Klikk for stort bilde


   
 

Kontakt

Eli Johanne Lundemo
Mobil 907 48 377
Marianne Stensgård
Næringssjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702