Bedriftsportrettet- Systun Vange

Klikk for stort bildeSønene til Halldis og Vidar er ivrige på å vere med i fjøset  

Bedriftsportrettet- Systun Vange

I 1981 selde Reidar Blakarstugun ny traktor til garden Systun Vange i Skjåk. Den gongen gjekk Vidar Vange som driv garden nå i bleier. 38 år seinare sel same Blakarstugun nytt fjøs til same garden.  
Det er ein stor dag for familien på Vange. Ungane har fått fri frå skulen for å vere med på opninga av  det nye flotte robotfjøset. Heile miljø og næringsutvalet frå kommunen er på plass saman med næringskontoret. Representantar frå dei som har levert bygg og utstyr til fjøset er også på plass. Det vert gjeve blomar, gåver og lykke ønskingar til brukarane.Klikk for stort bilde  
 

Nytt fjøs på 5 månader

Sjølve fjøsbygginga tok til den 12. mai i år og 5 månader etterpå stod fjøset innflyttingsklart! Det har vore ein fin prosess og alt har gått på skinner, seier Vidar og kona Haldis. Det var heilt nødvendig for oss å ta eit val om framtida. Det gamle fjøset var i svært dårleg forfatning og hadde ikkje tåla mange fleire vintre. Det gamle fjøset skal nå nyttast til ammekuproduksjon med rasa Charolaise og ungdyr. Vi likar å drive som gardbrukarar og finn det svært meiningsfylt å produsere mat. Valet var enkelt. Vi bestemte oss for å bygge nytt fjøs!
Det er det danske firmaet Gråkjær ved Reidar Blakarstugun, som har levert bygget. Vi valde Gråkjær av økonomiske grunnar. Vi skulle helst sett at vi kunne bruke eit norsk firma, men Gråkjær hadde det beste tilbodet. De Laval ved Leif Inge Bakken har levert mjølkeanlegget og Felleskjøpet ved Bjørn Steineide har levert innreiing og fôringssystem. Dei har hatt byggemøte kvar fjortande dag og Vidar kan ikkje få fullrost opplegget nok. Dette har vore profesjonelt gjennomført på alle måtar og han kan ikkje kome på noko som har gått gale i byggeprosessen. 
 

Dugnadsanden lever i Skjåk!

På slutten av sommaren kom det mellom 25 og 30 personar på dugnad for å bidra til at fjøset skulle bli ferdig før kyrne skulle kalve. Naboar, kollegaer, slekt og vener mala, skrudde og rydda og stod på i to samfulle dagar noko som utgjorde om lag 350 dugnadstimar. Det vart gjort noko heilt fenomenalt mykje arbeid på stutt tid. Det vart og lagt vekt på at dugnadsfolket skulle ha det bra med fleire måltider kvar dag og ein skikkeleg fest på kvelden. Festen slutta med at summe prøvde ut og kvalitetssikra at dei nye liggebåsane fungerte som dei skulle. Dette er ei helg det går gjetord om enda i bygda og i etterkant er det mange som har lurt på kvifor dei ikkje vart spurde om å få vere med på dugnaden. Haldis seier det er mange av dei som var med som sa at endeleg fekk dei bidrege med litt hjelp attende til Vidar. Det vitnar om at brukaren har bidrege hjå andre før når det har vore naudsynt. Det er godt å sjå og høyre at dugnadsanden framleis rår i Skjåk. 
Klikk for stort bilde   

Framtidsretta investering

Det har vore lite fjøsbygging i Skjåk dei siste åra utanom dei store fellesfjøsa og nokre fåe andre. Det røyner på med mange av fjøsa som vart bygd rundt 1970 talet. Leiaren i miljø og næringsutvalet, Sevald Sperstad, er strålande tilfreds med at ein ung familie investerer slik dei har gjort for framtida i Skjåk.  
Dette er framtidsretta og han har ei von om at det kan vere fleire som vel å satse på jordbruket på same måten etter kvart. Sperstad fortset med at dette besøket er ein fin måte å avslutte ei periode i miljø og næringsutvalet på. Å nytte næringsfondet i Skjåk kommune til å auke investeringsevne og vilje på gardane er både rett og heilt på sin plass, meiner Sperstad. Det er heldigvis fleire som er i startgropa for fjøsbygging nå framover.
Sønene til Halldis og Vidar er ivrige på å vere med i fjøset. Dei har allereie prøvd ut korleis det er å bli børsta av den elektriske børstemaskina og dei tek seg og gjerne ein kvil saman med kyrne i dei nye liggebåsane. Dei har nokre favorittkyr som det går an å kose litt ekstra med. På spørsmålet om nokon av dei kjem til å overta garden, svarar den yngste med å peike på den eldste.Klikk for stort bilde   
Det er kan hende litt tidleg og svare på eit slik spørsmål for gutane. Det er ingen tvil om at investeringa som foreldra har gjort kan bidra til at det er lettare å overta garden når den tida kjem, enn om ein skulle starte med ein utslitt driftsbygning.
 

Ein artig start på fjøseventyret.

Kyrne vart flytta inn i det nye fjøset måndagskvelden etter mjølking i gamlefjøset. Det vart ein litt artig start på det heile for da dei skulle starte opp tanken tysdagsmorgonen, vart det utslag på jordfeil. Skjåk Elektro kom for å rette feilen, men fann ingen jordfeil på heile garden. Da reiste dei til naboen og fann ein jordfeil i kjellaren, der nabo kona satt og bakte hardbrød (flatbrød). Ho hadde rekt å steike tre leiver, men måtte gje seg. Takka til nabokona vart bytta ut med takka på Vange. Nabokona var lei seg og beklaga seg for at ho hadde øydelagt starten på fjøseventyret til Haldis og Vidar… Jordfeilen vart retta opp, hardbrødleivene vart med til Vange og kyrne kunne etterkvart begynne "å mjølke seg sjølve" i det splitter nye fjøset.
 

Ny kvardag for kyrne og brukarane på Vange.

Det måtte til litt hjelp med å få kyrne til å skjøne den nye kvardagen, men med litt kraftfôr som lokkemiddel og mjølkespreng, så skjønar kyrne korleis det fungerer å bli mjølka av ein robot. Det må gå minst 6,5 time mellom kvar mjølking. Dersom kua går inn i roboten oftare, blir ho sendt ut att. Roboten tek seg av både vasking, stimulering og mjølking. Den tilbyr til og med spyling av klauver, før kua kan spasere ut att i bingen. Ei ku produserer mellom 40 og 50 liter mjølk pr døgn. Ein dataskjerm fortel korleis det står til med dei ulike kyrne og når dei vart mjølka sist og kor mykje kraftfôr ho har ete.Klikk for stort bilde  Dersom det er trøbbel med juret på ei ku, så seier datamaskina ifrå om det og. For ein husdyrbrukar og næringskonsulent som har mjølka omtrent berre i båsfjøs, ser dette svært avansert ut og at det er mykje elektronikk som kan gå gale. Leif Inge Bakken frå De Laval seier at det svært sjeldan er trøbbel med mjølkeanlegget. Om noko skjer er vi ikkje lenger unna enn ein telefon, avsluttar han. 
  

Open dag

Haldis og Vidar tenkjer at dei skal ha ein open dag i nyfjøset der fleire kan kome å sjå, men dette vil dei vente med til våren. Det er mykje å sette seg inn i både for folk og dyr og dei har nok med det for ei tid framover.
Næringskontoret ønskjer alle på Vange lykke til med satsinga og framtida!