Biblioteket er stengt inntil vidare - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Biblioteket er stengt inntil vidare

Påskeutstilling - Klikk for stort bilde  

Kriseleiinga i Skjåk kommune har innført fleire lokale smitteverntiltak. Eit av tiltaka er at Skjåk folkebibliotek skal halde stengt for besøk frå 25. mars og inntil vidare.

Bestill gjerne bøker

Du kan bestille bøker eller andre medium i biblioteket sitt websøk, på telefon eller e-post. Vi låner ut og ordnar bokpakker som kan hentast utanfor biblioteket mellom kl 10 og 14 måndag-fredag.

Du kan levere bøker i bokkassa ved inngangsdøra vår.

Kontakt oss gjerne for å gjere avtale om henting av bøker på andre tidspunkt.