Bli med på Stillingssleppet

Stillingsleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Vi oppmodar arbeidsgjevarar som har ei ledig stilling og/eller planlegg å lyse ut stillingar, til å bli med på stillingsleppet. Alle arbeidsgjevarar er velkomne til å delta, og det er gratis å vere med.

Bli med på Stillingssleppet 12. mars 2021

Stillingsleppet er eit samla slepp av ledige stillingar i regionen. Vi oppmodar arbeidsgivarar som har ei ledig stilling og/eller planlegg å lysa ut stillingar, til å bli med på stillingsleppet. Alle arbeidsgivarar er velkomne til å delta, og det er gratis å vera med.

Om stillingssleppet

  • Ledige stillingar blir publisert på www.komtiloss.no 12. mars 2021
  • Det er gratis for arbeidsgivarar å vera med og få sine stillingar publisert
  • Du får gratis marknadsføring og auka synlegheit ved å vera med
  • Arbeidsgivarar kan sjølv legge inn sine jobbannonsar på komtiloss.no

Synleggjering og fleire søkarar

Stillingsleppet skal skapa synleggjering – for å bidra til fleire søkjarar og tilflyttarar. Vi ynskjer å vise fram mangfaldet av arbeidsplassar i vår region. I tillegg vil vi bidra til at næringslivet når ut til fleire potensielle arbeidstakarar både regionalt og nasjonalt, og at dei dermed får ei større søkjarmengde.

Ledige stillingar som di bedrift skal lyse ut i løpet av 2021 er relevante

  • Veit du for eksempel allereie at de treng sommarvikarar?
  • Om oppstart er lenger fram i tid, kan søknadsfristen vera lang. Vi tilrår minimum to vekers søknadsfrist frå 12.mars 2021 for stillingane som registrerast.
  • Det kan vera deltidsstillingar eller heiltid, vikariat eller fast tilsetting.

Tidsplan

  • 1. februar: Portalen for å legge inn stillingar, www.komtiloss/arbeid, blir opna
  • 9. mars: Siste frist for å legge inn stillingar
  • 12. mars: Stillingssleppet 2021. Stillingane publiseras på www.komtiloss.no
  • 1. juli: Dei siste stillingane avpubliseras og erstattas av nyheitsstrøm frå arbeidsplassen.no

Har du spørsmål? Kontakt oss gjerne!
Med vennleg helsing Christoffer Biong Tlf 976 52 797 E-post: christoffer.biong@regionkontoret.no.
Stian Høglien Tlf: 988 33 723 E-post: stian.hoglien@regionkontoret.no