Borgarleg vigsel i Skjåk kommune

Frå 1. januar 2018 overtek kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel.

Frå 1. januar 2018 overtek kommunen ansvaret for gjennomføring av borgarleg vigsel.  Dette betyr at tingretten eller byfogden ikkje lenger skal ha denne oppgåva.

Vigslarar

Ordførar eller varaordførar har etter lova mynde til å vigsle eit brurepar, men kommunestyret kan i tillegg velje å gje mynde til andre tilsette eller folkevalde i kommunen.

Vilkår

Det er visse vilkår i ekteskapslova som skal vera oppfylte for at ein skal kunne gifte seg, sjå kapittel 1 – Vilkår for å inngå ekteskap i lovdata.

Pris

Vigselstilbodet er gratis for kommunens eigne innbyggjarar.  Det same gjeld personar som ikkje er busette i Norge, men som fyller vilkåra for å inngå ekteskap her.  Kommunen kan ta betaling for nødvendige meirkostnader dersom det blir gjeve tilbod om vigsel ut over det vanlege tilbodet om tid og stad.      

Det er tilstrekkeleg at ein av brurefolka er busett i kommunen (registrert i folkeregisteret) for at plikt om gratis vigsel skal gjelde. Kommunen kan sjølv bestemme om det skal gjevast tilbod til innbyggjarar i andre kommunar, og vedta reglar for betaling for nødvendige kostnader til vigselen. 

Meir konkret om det kommunale vigselstilbodet

Skjåk kommunestyre kjem i løpet av hausten til å fatte vedtak der vigseltilbodet blir konkretisert.  Meir opplysningar om formalitetar, framgangsmåte og kommunens tilbod blir etter kvart lagt ut på denne nettsida.