Bowling i Skjåk

Skjåk Friviljugsentral med eit nytt, spennande tilbod.

Skjåk Friviljugsentral

Dagleg leiar Jo-André Sperstad Fjeld fortel at dei har investert i bowlingutstyr, med støtte frå mellom anna Skjåk Handikaplag og Bygger`n Skjåk. Alle er velkomne til å vere med. Om du treng rettleiing, er fleire friviljuge med på dette. Ynskjer du skyss, så ordnar dei jammen det også - og det heilt gratis. Tlf 90 04 20 55. Kaffi og biteti kr 50,-.

Det vil bli bowlingrunder til faste tider framover, dato og tidspunkt blir annonsert innan stutt tid.

Fyrste Bowling er torsdag 23. mars kl 11.

Velkomne!