Bruktbutikken opnar i nye lokale - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Bruktbutikken opnar i nye lokale

Sysselsettingstiltak Lom og Skjåk har no flytta bruktbutikken til nye lokale, og butikken er klar for ei gradvis gjennopning i desember. Offisiell opning 8. desember kl. 11.30!

Sysselsettingstiltak Lom og Skjåk har no flytta bruktbutikken til nye lokale, og butikken er klar for ei gradvis gjennopning i desember. Lokalet er framleis under innreiing, men eit variert utval av brukte varer er allereie tilgjengeleg for dei som ønskjer å ta turen innom.

Bilde frå juleutstillinga i bruktbutikken Skjåk kommune

Ny adress er: Moavegen 28B, 2690 Skjåk

Butikken held ope følgjande dagar i desember:
8., 11., 12., 15., 18., 19. og 22. desember, alle dagar frå kl. 11.30–14.00.

Tenesta ønskjer alle velkomen innom for ein kikk i dei nye lokala.