2025- gjengen i Skjåk :) Bakerst frå venstre: Tora og Torgrim, Nina og Erlend, Hanna og Hennie, Silje, Kevin og Ella, Karina og Petra, Joakim, Liv Ragna og Jørgen. Fremst frå venstre: Marlene og Sigrid, Ida og Alea, Faiha og Mutaman, Freweini og Diana, Tea og Johanne, Veronica og Alva, Helge og Olav.
Skjåk folkebibliotek
Uformelt bra mål!
Målet med treffet var å gje foreldra høve til å bli betre kjende med kvarandre, og samstundes leggje eit tidleg grunnlag for gode nettverk mellom dei som ein dag blir klassekameratar. Det vart raskt god stemning, med mykje prat både om kvardagen med små barn og om kor viktig det er å møtast i nærmiljøet.
Vi synest det er veldig triveleg at foreldra ønskjer å bruke biblioteket som møteplass for fleire uformelle treff framover. Barneavdelinga passar godt til dette, vi har store og gode matter som kan nyttast og som gjev rom for både leik, prat og samvær i trygge og gode omgjevnader.
Tidleg start = stort ordforråd
Under besøket snakka vi òg om kor viktig det er å starte tidleg med bøker og lesing – gjerne allereie når barna berre er nokre månader gamle. Forsking viser at barn som har mange barnebøker heime, og som blir lesne for før dei fyller to år, har nesten dobbelt så stort ordforråd ved skulestart samanlikna med barn som har få bøker og som først blir lesne for etter fylte fire år.
Biblioteket ynskjer å vere ein open og inkluderande møteplass for småbarnsfamiliar, og håpar slike treff kan bidra både til leseglede og sterke fellesskap for framtida.
Vi har biletbøker som passar perfekt sjølv for dei aller minste. Ta turen innom! Vi gler oss til å følgje denne gjengen vidare!
Invitasjonen var eit samarbeid mellom Skjåk folkebibliotek og helsestasjonen. Laurdag får lomværane det same tilbodet på sitt bibliotek.