Da kronprinsparet besøkte Skjåk

Mange møtte fram for å helse på kronprinsparet da dei besøkte Skjåk. Tusen takk til alle som var med på å gjere denne dagen til ein fin folkefest.

Kronprinsparet møtte eit folkehav i Bismo Edvard Mølmen. DMT AS         

Programmet starta på landets eldste mølle som framleis er i bruk, Ofossen mølle. Kronprinsen fekk fylle sin eigen mjølpose og han fekk servert byggrynskrem. Etter å ha sett både kajakkpadling og rafting i elva, gjekk turen vidare til Skjåk barne- og ungdomsskule. 

Kronprinsparet tok seg god tid til å helse på folkehavet som møtte dei. Stolte elevar fekk syne fram elevarbeid inne på skulen. Kronprinsen og ordførar Elias Sperstad heldt tale og elevar ved Skjåk kulturskule underheldt med song, dans og musikk. Skjåk turistheim serverte lunsj med lokalproduserte matvarer til kronsprinsparet med fylgje og til alle pressefolka i kantina på skulen. Alle elevane, barnehageungane og beburane på Skjåkheimen fekk pysje med brød, servert av bygdekvinnelaget.

Kronprinsparet fekk høyre om landbruk, korndyrking og vatnet si betydning for bygda vår. Dei fekk høyre om korleis vi vatnar i eit ekstremt tørt klima, korleis vi har utnytta vatnet til drift av møller og sagbruk, om flaumen, om moderne bruk i form av rafting og juving og om kva kraftutbygging har betydd for bygda. Dei fekk møte og prate med fleire barn, unge og gamle frå Skjåk.

Verdspremiere på film om Skjåk

Denne dagen hadde vi også ei aldri så lita verdspremiere på ein film om Skjåk med tema vatn.

Takk til Highasakite for at vi fekk låne musikken, og takk til DMT Markedsføringsbyrå og Edvard Mølmen for fin film og fine bilete.

Bilete frå kronprinsparbesøket