Det er mykje is Ottaelva - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Det er mykje is Ottaelva

Marlosbrua Det har bygd seg opp mykje is fleire stader i Otta elva, spesielt i området aust og vest for Marlosbrua

Det har bygd seg opp mykje is fleire stader i Otta elva, spesielt i området aust og vest for Marlosbrua er det mykje is. Vasstandsmålaren ved Marlosbrua syner at nivået der no er 2,5meter høgare enn vanleg for årstida. 
Stasjonsleiar for Hafslund Eco i Skjåk Morten Brekkum melder at dei no har redusert vassføringa i Otta-elva ned til godt det under halve, ned mot ein tredjedel av det som var i førre veke. Han meiner at dei no har relativt god kontroll på situasjonen. Dei har lokal befaring kvar dag og dei vil ha folk ute til å følgje med elva i helga.
Dei vil halde vassføringa redusert til det vert mildare i været og elva byrjar å rydde seg sjølv.

Byggeleiar drift i Innlandet fylke samferdsel Andreas Sande Lien melder at dei har vore å sett på Marlosbrua og at dei følgjer med kontinuerleg. Slik det ser ut no er det ingen umiddelbar fare for brua.