Diktardagane startar torsdag

Torsdag startar årets Diktardagar. No kan du vere med på filmframsyningar, boklansering, pubkveld, seminar, konsertar bokbad og mykje meir.

Hovudtema for Diktardagar 2018 er barne- og ungdomslitteratur og Aasmund Olavsson Vinje.

Torsdag skal det vere filmframsyning på biblioteket i Skjåk. Fredag er det  forfattarbesøk på biblioteket for 6. klassingane med Arnfinn Kolerud og boklansering med nye barneboka «Trollguten og andre dikt» av Jan-Magnus Bruheim. Den skal lanserast på Skjåk barne- og ungdomsskule. Her vil m.a. Endre Skjåk og Lars Bakke bidra med song og musikk. Same kveld er det Vinjekveld i Marlo Grendehus med m.a. Aasmund Nordstoga. Laurdag kjem forfattaren Cecilie Enger til biblioteket for å lese frå bøkene sine. Sundag er det ei markering for forfattaren Tea Kummen i Marlo og konsert med «Sol i skuggeskog» hjå Maritun.

Elles er det verdt å få med seg vandretur i fotspora til Vinje i Vågå, bokbad, pubkveld m/Aasmund Nordstoga, seminar og festkveld i Lom. På festkvelden skal m.a. Sigrid Moldestad, Maria Parr og barn frå kulturskulane opptre.

Program

Detaljert informasjon om program finn du på nettsida til Diktardagar: www.diktardagar.no

SigridMoldestad kjem til Diktardagar - Klikk for stort bildeSigridMoldestad kjem til Diktardagar Aasmund Nordstoga kjem til Diktardagar - Klikk for stort bildeAasmund Nordstoga kjem til Diktardagar Maria Parr kjem til Diktardagar - Klikk for stort bildeMaria Parr kjem til Diktardagar Ny bok av Bruheim skal lanserast - Klikk for stort bildeNy bok av Bruheim skal lanserast