Diktardagar Vågå, Lom og Skjåk 2021

Med kjente forfattarar, musikarar og foredragshaldarar byr årets Diktardagar i Vågå, Lom og Skjåk på eit fyldig og variert program. Her finn du heilt sikkert noko som fell i smak.

Diktardagar 2021 - Klikk for stort bilde 

Diktardagar 2021

2. - 5. september

Temaet i år er historie, eventyr og segner.

Are Sende Osen, Helga Flatland, Olaug Nilssen, Ingar Sletten Kolloen, Magnhild Bruheim og Sigrun Slapgard skal vere med i årets program som kan by på erotikk, kongerekka og Game of Thrones, segner og historier frå Gudbrandsdalen, føredrag om Ivar Kleiven og Edvard Grimstad, lokal rock ved Eldhug, noko rolegare musikk ved Sol i skuggeskog, eitt og hitt kring Fel-Jakup og program kring O.M. Høgåsen – for berre å nemne noko.

Grunna koronaepidemien er det førehandssal av billettar på følgjande arrangement:

  • Opningsprogrammet i Grindstugu
  • Diktardagarmiddagen på Fossheim
  • Litteraturseminaret i Utgard
  • Festkveld i Utgard
  • Bokbad på Fossberg
  • Historier, segner og musikk på Sota Sæter

Du kan bestille billettar og du kan sjå programmet på nettsida til Diktardagar:

Velkomne!

Are Sende Osen - Klikk for stort bilde Michael Schult Ulriksen Are Sende Osen er ein av aktørane på Diktardagar i år.
Are er kjend for dei fleste som halvparten av duoen Are og Odin.
Saman med makkar Klaus Sonstad har han hatt ei rekke radio- og
TV-program og karriere som musikkartist.