Drømmestipendet 2020 - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Drømmestipendet 2020

Vil du bli nominert? Eller kjenner du nokon som kan bli nominert til Drømmestipendet 2020? Da må du kontakte kulturskulen innan 10. januar.

Drømmestipendet - logo - Klikk for stort bilde   

Drømmestipendet

Drømmestipendet er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping. Gjennom denne stipendutdelinga ynskjer vi å synleggjere kommunenes arbeid for barn og unge.

Vårt håp er at Drømmestipendet skal vere ein verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylle draumane til unge kulturutøvarar.

Kvar kommune kan nominere ein person eller ei gruppe innan

  • Dans
  • Musikk
  • Skapande skriving
  • Visuell kunst 
  • Sirkus
  • Teater
  • Anna

Kven kan søkje?

For å kunne søkje om å bli nominert til Drømmestipendet 2019 må du vere født tidlegast i 2000 og seinast i 2007.

Ein jury vel ut dei 100 heldige stipendmottakarane kvart år.

Vinnarane blir offentleggjort i mai/juni 2020.

Drømmestipend - Klikk for stort bilde

Søknadsfrist

  • Nominasjon av kandidat sendast til kulturskulen v/Oddrun Kvalheim innan onsdag 16. januar 2020. Kulturskulen vel ut dei som skal nominerast  frå Lom og Skjåk kommunar.

Meir informasjon om Drømmestipendet