"Drømmestipendet" 2021

Frå 2021 kan unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år søke "Drømmestipendet". Stipendet delast ut i kategoriane dans, musikk, sirkus, skapande skriving, teater, visuell kunst og open klasse.

  

"Drømmestipendet" 2021

"Drømmestipendet" er eit samarbeid mellom Norsk Tipping og Norsk Kulturskoleråd. Stipendordninga vart etablert i 2004, sidan den gong har ei lang rekke unge kunst- og kulturutøvarar motteke stipendet. Blant desse finn vi utøvarar som Astrid S, Didrik Solli Tangen, Ella Marie Hætta Isaksen, Heidi Ruud Ellingsen og Ingebjørg Bratland.

Drømmestipendet- video

Kven kan søkje?

Unge kunst- og kulturutøvarar mellom 18 og 25 år.

For å søke Drømmestipendet 2021, må du vere født tidlegast 1. januar 1995 og seinast 31. desember 2002.

Korleis søker eg på Drømmestipendet?

Du nyttar ein eigen søknadsportal. Denne opnar 1. oktober 2020. For å søke må du gje opp oppvekstkommunen din, det vil seie kommunen du hadde mest med å gjere fram til du fylte 16 år.

Korleis vurderast eg som søkjar?

Draum og ferdigheiter vil bli vekta likt i vurderinga av søknaden.

Når søknaden sendast inn, går den først til godkjenning i kommunen du søker frå. Så sendast søknaden vidare til juryering. I juryeringa vurderast søknaden av både ein fagjury og ein draumjury.

Korleis dokumenterer eg ferdigheitene mine? 

Dokumentasjonen av ferdigheitene utgjer 50 prosent av grunnlaget for vurderinga av søknaden. Dokumentasjonen bør derfor vere godt gjennomtenkt, og gje ein best mogleg presentasjon av deg som kunst-/kulturutøvar. Kvar kategori har eigne dokumentasjonskrav. Dokumentasjonskrava finn du lengre nede på denne sida.

Korleis beskriv eg draumen min?

Draumebeskrivinga utgjer 50 prosent av grunnlaget for vurderinga av søknaden. Beskrivinga av draumen bør derfor vere godt gjennomarbeidd. Du finn tips til korleis draumen kan formulerast her.

Kan eg få Drømmestipendet fleire gonger?

Ja, det kan du, men ikkje i samme kategori.

Når er søknadsfristen? 

Søknadsportalen stenger 8. januar 2021.

Gå til søknadsportal