Drop-in vaksinering laurdag 29. januar

Adobe Stock photo Det blir drop-in koronavaksinering på Skjåk helsestasjon laurdag 29.01.22 frå kl. 10.00 – 13.00. 

Drop-in vaksinering på Skjåk helsestasjon laurdag 29. januar

Det blir drop-in koronavaksinering på Skjåk helsestasjon laurdag 29.01.22 frå kl. 10.00 – 13.00.  Dette er vaksinering for alle dei over 18 år som det er 20 veker sidan dose nr. 2, og som ikkje har fått innkalling. Det er òg høve til å få dose 1 og 2 også, viss det er behov for det. 

(NB: Har du allereie fått vaksinetime ønskjer vi at du møter opp på denne.

Dei som har vore smitta med covid-19 dei siste seks månadene anbefales det at du ventar med vaksinasjon. Ved spørsmål kontakt fastlegen. Du kan sjekke på helsenorge.no når du fekk 1. eller 2. vaksinedose. Sjekk dette sjølv før du kjem til vaksinering, og ta gjerne eit skjermbilde eller skriv det ned så vil det gå mykje kjappare i vaksinasjonslokalet.

Når du kjem på vaksinering:

  • Bruk munnbind
  • Hald god avstand til andre
  • Bekledning – ha på deg klede som gjer det lett å nå overarma 
  • Ta med gyldig legitimasjon
  • (Dersom det blir lange køar vil vi for å unngå smitte be deg koma att ette ei lita stund)
  • Ikkje møt opp på vaksinering ved forkjølelse eller feber
  • Kom med godt humør og tålmodighet

Kontakt

Aud Jotun
Helsesjukepleiar
Mobil 908 48 548