Ein bauta har gått bort

I dag flaggar Skjåk kommune på halv stong. Tidlegare ordførar i Skjåk kommune, Hans Krogstad (1933-2020) er død.

Hans Krogstad var ordførar i Skjåk kommune frå 1972-1983 og frå 1995-2003. Han representerte Senterpartiet. 

Tidlegare ordførar i Skjåk kommune, Hans Krogstad - Klikk for stort bildeTidlegare ordførar i Skjåk kommune, Hans Krogstad Skjåk Historielag Hans Krogstad var ein bauta for Skjåksamfunnet. Han vil bli hugsa som ein markant og dyktig ordførar og ein sterk forkjempar for distrikt-norge. Han utmerka seg i Øvre Otta-utbygginga, her forhandla han fram gode avtaler som Skjåk kommune nyt godt av den dag i dag.

I 2004 fekk han Kongens Fortjenstmedalje i gull for sitt store samfunnsengasjement. Han satt også eit tid på Oppland Fylkesting i Helse- og sosialutvalet.

Våre kondolansar går til familien.