Ein rettskaffen og raus person har gått bort - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ein rettskaffen og raus person har gått bort

Tidlegare ordførar og lensmann Åge Willy Rønningen (1948-2021) er død.

Åge Willy Rønningen - Klikk for stort bildeÅge Willy Rønningen Skjåk Historielag Åge Willy var ordførar i Skjåk i perioden 1984-1987. Han var samfunnsengasjert og var med i kommunestyret i Skjåk frå 1976 fram til 1995.  

I Åge Willy si tid som ordførar vart Skjåk kjøpesenter ferdigstilt. Friidrettsbanen vart bygd, og siste utviding av kommunehuset vart gjort med Åge Willy som ordførar. 

Åge Willy var lensmann, oppsynsmann i reinsjakta. Han var glad i jakt og fiske.

Vi minnest Åge Willy som ein rettskaffen og raus person. 

Våre kondolansar går til familien.

Skjåk kommune