Det var ein gong – og snart på ordentleg – ein ny barnehage i Skjåk
Barnehagen veks fram mellom fjell og skog, forma for små føter, store tankar og trygge fellesskap. Her blir lys, natur og leik vove saman i omgjevnader som gjev ro, undring og livsglede. Dørene står opne – ikkje berre for barna, men for familiane rundt dei, og for fagfolk som vil skape noko godt i lag.
Nå ventar barnehagen på fagarbeidarar som vil vere med og skape kvardagar prega av tryggleik, leik og fagleg medvit. Fagarbeidarar som ser verdien av gode relasjonar, inkluderande fellesskap og samarbeid med familiar og kollegaer. Her får du vere med frå starten – og setje spor i både praksis og kultur.
Er det du som skal bli ein viktig fagarbeidar i barna sine forteljingar – midt i Skjåk, der barna står i sentrum, og framtida får vekse i trygge hender
Hausten 2026 opnar Skjåk ein heilt ny barnehage med fem avdelingar i sentrum av bygda. Barnehagen og helsestasjonen vil vere lokaliserte i same bygg, og i eit samla oppvekstmiljø der mellom anna skule, bibliotek, idrettshall, symjehall, utandørs idrettsanlegg og kulturskule ligg tett i tett. Det er kort veg til naturen og ulike leikearenaer i friluft.
Skjåk treng fagarbeidarar til den nye barnehagen, både i faste stillingar og vikariat. Det er særleg bruk for fagarbeidarar med spesialpedagogisk kompetanse.
Som fagarbeidar i Skjåk skal du mellom anna
- gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
- fylgje opp barn med vedtak om spesialpedagogisk hjelp, i tett samarbeid med pedagogisk leiar
- bidra i planlegging, gjennomføring og vurdering av pedagogiske aktivitetar
- leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
- støtte barn si språkutvikling og sosiale kompetanse
- bidra til eit inkluderande fellesskap der alle barn opplever meistring og tilhøyrsle
- ha open og god dialog med føresette
Vi ser etter deg som
- har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar - anna relevant erfaring eller utdanning, også høgskuleutdanning, kan vere aktuelt
- har utdanning eller erfaring innanfor arbeid med spesialpedagogikk
- har erfaring frå arbeid med barn med særskilde eller samansette behov
- er trygg i å sjå kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig
- er engasjert i barnehageyrket og har interesse for fagleg utvikling
- trivst ute og deltek aktivt i leik og aktivitet i all slags vêr
- arbeider målretta både sjølvstendig og i team, samt har gode evner til samarbeid og kommunikasjon innanfor faget
- har gode norskkunnskapar
- har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Skjåk kommune ynskjer eit mangfald i personalgruppa, og oppmodar særleg menn til å søkje.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med styrar Heidi Jevnheim – tlf. 901 93 957
eller dagleg leiar Karin Fjerdingren – tlf. 980 64 714
Søknadsfrist: 12.04.2026
Elektronisk søknadsskjema
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar.
Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.
Vil du vite meir om oss?
Les meir om den nye barnehagen og korleis Skjåk kommune satsar på oppvekst på
Å vekse opp i Skjåk - Skjåk Kommune
Les meir om Skjåk kommune på www.skjaak.kommune.no
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Kanskje har du ein partner som vil vite meir om arbeidsmoglegheiter i Skjåk. Har du barn vil du kanskje vite meir om barnehage, skule og fritidstilbod. Om du ynskjer å prøvebu i Skjåk nokre dagar kan tilflyttarkonsulenten legge til rette for dette også.
Ta kontakt gjerne kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.
Meir informasjon om å livet i bygda finn du på www.skjak.no
Sletting av studielån
Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner