Fagdag om gode integreringsprosessar

I dag var det fagdag for ulike aktørar i Skjåk og Lom kommune. Tema var korleis vi kan utvikle gode integreringsprosessar. 

Margrete Øvrelid, Jo André Sperstad Fjeld, Mogunn Synstnes og Aud Jotun

Godt samarbeid er viktig

For å lukkast i det lokale integreringsarbeidet med flyktningar og andre innvandrarar er vi avhengige av godt samarbeid og kunnskapsdeling mellom ulike aktørar i lokalsamfunnet. 

På fagdagen vart det sett søkelys på viktige faktorar som kan sikre at integreringa blir vellukka. Vidare var det fokus på korleis lokalsamfunnet best kan samordne og tilrettelegge ressursane og tilboda sine for å styrke inkluderingskompetansen. 

Ivrige med gruppearbeid: Eli Klepp, Asbjørn (kursleiar), Unnvald Bakke, Marie Jeanette Helgesen og Bjørn Bakke

Margrete Øvrelid fortel at dei har fått støtte til denne fagdagen  frå Oppland Fylkeskommune, og at Anita og Asbjørn Bakken frå MIKS Ressurssenter var flinke kursleiarar.

MIKS Ressurssenter for integrering

Kursleiar Anita Bakken