Felles plankontor Lom og Skjåk

Kommunestyra i Lom og Skjåk har vedteke felleskontor for plan, byggesak og miljø. Plan og miljø er no slått saman og handsamar saker for begge kommunane. Frå 1. juni vil kontoret òg handsame byggesaker for begge kommunane.

Klikk for stort bilde

Lom og Skjåk kommunar har felles kontor for plan, miljø og byggesak der Lom er vertskommune. Alle henvendingar til kontoret skal gå via postmottaket i Lom eller eDialog. Kontor for plan, miljø og byggesak held til på Midtgard i Lom. Saksbehandlarane har òg kontordagar på Skjåk kommunehus. Du kan avtale tid både i Lom og Skjåk.