Flagget til topps i Skjåk i dag! - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Flagget til topps i Skjåk i dag!

Jotunheimen vidaregåande skule er godkjend!

Måndag 19. januar vart Jotunheimen vidaregåande skule godkjend som privatskule med statsstøtte – eit viktig og gledeleg vedtak for heile Ottadalen. 

Godkjenninga er resultatet av eit breitt og sterkt lokalt engasjement, der bygdefolk, næringsliv, kommunar og eldsjeler har stått samla for å sikre eit vidaregåande skuletilbod i regionen. 

Vedtaket gjev tryggleik for elevane som allereie er i gang med opplæringa, og styrkjer framtidstrua i lokalsamfunnet.

Skjåk kommune gratulerer Jotunheimen vidaregåande skule og alle som har bidrege i arbeidet.

 

bilde fra Utgard og gokjenningsfesten om at Jotunheimen vidaregåande skule er godkjent som privat skule - Klikk for stort bildeFeiring av Jotunheimen vidaregåande si godkjenning. Her er TAFI, og elevar og lærarar frå Jotunheimen privatistskule representert. Lom kommune