Flaumsikring av Bismo - folkemøte tysdag 22. juni kl 19.

Klikk for stort bildeOttaelva ved Signegarden i Bismo, juni 2020 E. Starrem Skjåk kommune og NVE kjem til å presentere planen for flaumsikring av Bismo på eit folkemøte tysdag 22. juni kl 19. Møtet blir digitalt. (du finn lenke til møtet i nettsaken)

Lenke til digitalt møte 22. juni 2021

Flaumsikring av Bismo

NVE har sendt plan for flaumsikring av Bismo på lokal høyring. Planen går ut på å bygge ein 2250 m lang sikring langs Ottaelva. Den blir laga av tre ulike flaumvollar og ein flaumsikringsmur forbi vassverket. Det må å bli etablert tre pumpestasjonar og drensgrøft på luftsida av flaumvollen. Tiltaket vil sikre Bismo mot 200 års flaum inkludert klimapåslag på 20 %.

Kantvegetasjon og naturstigen langs med elva vil i noko grad bli råka av tiltaket, men påverknad vil bli redusert i så stor grad som mogleg. Turstigen vil etter planen gå oppå flaumvollen på einskilde strekningar.

Kostanden med tiltaket er så langt estimert til 66,5 millionar kroner + mva. Skjåk kommune må venteleg betale om lag 20 % av kostnaden.

Høyringsfrist

Høyringsfrist til Skjåk kommune for lokale innspel til planen er 15. august. Send høyringssvar til post@skjaak.kommune.no / Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk.

Skjåk kommune har frist til 1. september med å sende samla uttale frå den lokale høyringa til NVE. 

Skjåk kommune og NVE kjem til å presentere planen på eit folkemøte tysdag 22. juni kl 19. Møtet blir digitalt. Det blir lagt ut eiga lenke til møtet .

Lenke til digitalt møte 22. juni 2021

Vedlegg: Plandokument frå NVE.