Flaumsikring av Bismo - presenstasjon

Ottaelva ved Signegarden i Bismo, juni 2020Skjåk kommune og NVE presenterte planen for flaumsikring av Bismo på eit digitalt folkemøte tysdag 22. juni. Presenstasjon frå møtet finn du i artikkel under, og med lenke til 3D-modell av Bismo med flaumvoll.

Presentasjon og 3D-modell

Flaumsikring av Bismo

NVE har sendt plan for flaumsikring av Bismo på lokal høyring. Planen går ut på å bygge ein 2250 m lang sikring langs Ottaelva. Den blir laga av tre ulike flaumvollar og ein flaumsikringsmur forbi vassverket. Det må å bli etablert tre pumpestasjonar og drensgrøft på luftsida av flaumvollen. Tiltaket vil sikre Bismo mot 200 års flaum inkludert klimapåslag på 20 %.

Kantvegetasjon og naturstigen langs med elva vil i noko grad bli råka av tiltaket, men påverknad vil bli redusert i så stor grad som mogleg. Turstigen vil etter planen gå oppå flaumvollen på einskilde strekningar.

Kostanden med tiltaket er så langt estimert til 66,5 millionar kroner + mva. Skjåk kommune må venteleg betale om lag 20 % av kostnaden.

Høyringsfrist

Høyringsfrist til Skjåk kommune for lokale innspel til planen er 15. august. Send høyringssvar til post@skjaak.kommune.no / Skjåk kommune, Moavegen 30, 2690 Skjåk.

Skjåk kommune har frist til 1. september med å sende samla uttale frå den lokale høyringa til NVE. 

Vedlegg: Plandokument frå NVE.