Flaumvarselet frå NVE per 26. juni er på gult nivå for Ottadalen - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Flaumvarselet frå NVE per 26. juni er på gult nivå for Ottadalen

ES   

Flaumvarselet frå NVE per 26. juni er på gult nivå for Ottadalen. Kommunen følgjer med på situasjonen og det har vore dialog med Glommen og Lågen brukseierforening i dag også, og dei forventar stabil og stor vassføring i helga, med noko forsiktig stigning. Regnet søndag gjer det noko spennande, men siste prognose tilseier at det ikkje blir store mengder, men at det da kan bli som sist helg. Skjåk kommune fylgjer med og er merksame på situasjonen.