Folkehelseoversikt Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Folkehelseoversikt Skjåk

Kommunen skal ha ei skriftleg oversikt over helsetilstanden til befolkninga og dei positive og negative faktorar som kan verke inn på helsetilstanden.

Folkehelseoversikt

Plikta til å ha oversikt er forankra i:

Dokumentet skal identifisere folkehelseutfordringar og ressursar. Det skal også innehalde faglege vurderingar av årsaksforhold og konsekvensar. Kommunen skal vere spesielt merksam på trekk i utviklinga som kan skape eller oppretthalde sosiale eller helsemessige problem, eller sosiale helseforskjellar. Det skal utarbeidast eit samla helseoversiktsdokument kvart fjerde år som skal ligge til grunn for det langsiktige systematiske folkehelsearbeidet. 

Folkehelseoversikt for Skjåk

 

I fylgje folkehelseforskrifta skal oversikta gje opplysningar om og vurderinga av:

a) Befolkningssamansetnad

b) Oppvekst- og levekårsforhold

c) Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø

d) Skadar og ulykker

e) Helserelatert åtferd

f) Helsetilstand