Gaming og eSport på biblioteket

Biblioteket har eit nytt, gratis tilbod til deg som går i 1. - 10. klasse. No kan du "game" saman med proffe folk. Du treng ikkje å ha med eige utstyr. Fyrste spelkveld er no fredag 21/9 kl 17.

N-Games på Vågå bibliotek. Dei har hatt sin fyrste spelkveld. Det var populært! Vågå bibliotek

N-Games - ei stor spelsatsing i Nord-Gudbrandsdalen

Biblioteka er glade for samarbeidet med Blue Elite eSports, som er ein friviljug organisasjon lokalisert på Otta. Dei jobbar for å gje barn og ungdom i Nord-Gudbrandsdalen eit fritidstilbod på gaming/dataspeling og eSport. Desse folka har skikkeleg peiling! Tilbodet har dei kalla N-Games.

Skjåk, Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja

Biblioteka i  Nord-Gudbrandsdalen har fått pengar frå Nasjonalbiblioteket og regionrådet til denne spelsatsinga i skuleåret 2018/2019. Det blir tre spelkveldar før jul og tre spelkveldar etter jul på alle biblioteka. 

Spelkveldar på Skjåk folkebibliotek før jul

  • Fredag 21/9 kl 17
  • Fredag 9/11 kl 17
  • Fredag 21/12 kl 17

E-sport (elektronisk konkurransespeling)

E-sport er konkurransespeling der utøvararane konkurrerer mot  kvarandre i ulike dataspel på datamaskiner eller spelkonsollar.

Interessa for e-sport har vakse veldig dei siste åra.