Godkjent sentrumsplan - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Godkjent sentrumsplan

Formannskapet sette hausten 2016 ned ei arbeidsgruppe for utvikling av sentrum i Bismo. Mandatet for arbeidsgruppa var å sjå på ei heilskapleg utvikling av Bismo sentrum og Ofossen mølle, med vekt på
aktivitetstiltak, gode møteplassar og gode buområde.

Utsikt over Bismo - sentrum i Skjåk

Gjennomgang av sentrumsplan for Bismo 2017

Arbeidsgruppa vart ferdig med planen innan fristen og har resultert i ein rapport. 

Den førre sentrumsplanen for Bismo er frå 2011, den er utarbeidd av landskapsarkitekt Ingfrid Lyngstad. Arbeidsgruppa har kome fram til at denne planen  fortsatt skal gjelde, men har forslag på fleire tiltak i tillegg.