Gratulerer med dagen Skjåk!

Skjåk kommune   

Endeleg er det klart for ei 17. mai-markering med folketog i Bismo og samling i Skjåkhallen. Etter to år med alternativ feiring, kan vi nå alle samlast om ei minneverdig markering av nasjonaldagen, med alt som høyrer til. 

Folketoget går frå idrettsplassen kl 11.00. Veteranbilane fylgjer etter folketoget til Skjåkheimen.

Frå Skjåkheimen blir det to alternativer ruter for køyretøya:

  • Alternativ 1 er å fylgje folketoget attende til Skjåkhallen.
  • Alternativ 2 er ein rundtur i bygda. 

Vi oppmodar russen om å fylgje etter toget rundt Skjåkheimen.

Velkomne til ei flott 17.mai-feiring i Skjåk 2022!

--------------------------------------------------------------

Togoppstilling

  1. Det Norske Flagg
  2. Kommunefana
  3. Flaggborg
  4. Lom og Skjåk Brass
  5. Skjåk barne- og ungdomsskule
  6. Holemork barnehage
  7. Dønfoss naturbarnehage
  8. Furuly familiebarnehage
  9. Bismo barnehage
  10. Skjåk songlag
  11. Skjåk seniordans
  12. Alle andre som ynskjer å gå i toget
  13. Veteranbilar

Program

  • Kl. 08.00 - Flaggheising
  • Kl. 10.00 - Messe på Kraftverket i Bismo
  • Kl. 10.30 - Veteranbilar på Skeimoplassen
  • Kl. 11.00 - 17. mai-tog i Bismo. Toget går frå friidrettsbana, forbi kommunehuset og ut på rv 15. Vidare rundt Skjåkheimen med ein liten stopp på framsida. Toget går ut att på riksveg 15 og attende til Skjåkhallen, via vegen til Bismo barnehage. Veteranbiltoget fylgjer etter folketoget. 
  • Kl. 16.00    Andakt på Skjåkheimen

Etter toget

Underhaldning i Skjåkhallen. Etter underhaldninga blir det leikar for små og store ute på fotballbana.
Programmet i Skjåkhallen blir streama.

Underhaldning i Skjåkhallen (direkte etter folketoget)

  • Lom og Skjåk Brass spelar
  • Skjåk songlag syng
  • Barnehagane i Skjåk syng
  • Dagens tale: Helene Rustad
  • Mooses in the new frå kulturskulen spelar
  • Kor frå Skjåk barne- og ungdomsskule
  • Diktlesing ved elevar frå Skjåk barne- og ungdomsskule
Velkomne til ei flott 17.mai-feiring i Skjåk 2022! - Klikk for stort bilde
Velkomne til ei flott 17.mai-feiring i Skjåk 2022! - Klikk for stort bilde
Velkomne til ei flott 17.mai-feiring i Skjåk 2022! - Klikk for stort bilde
Velkomne til ei flott 17.mai-feiring i Skjåk 2022! - Klikk for stort bilde