Gruppetrening i varmt vatn - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Gruppetrening i varmt vatn

Fysioterapitenesta i Lom og Skjåk  startar opp med gruppetrening i varmt vatn måndag 7. oktober kl 14 i Skjåkhallen. 

Lågterskeltilbod

Gruppetreninga varer ein time og blir leia av ein fysioterapeut. Du treng ikkje kunne symje for å delta. I gruppa  legg vi særleg vekt på kondisjon- og styrketrening.

Noko for deg?

Vi rettar oss mot deg som ynskjer å gjere ein innsats for eiga helse. Det er begrensa antall plasser.

Vi brukar garderobane i 1. etasje.

Prisen er kr. 121,- pr gong.

Påmelding til Fysioterapitenesta i Skjåk innan  27.09.19 

Kontakt

Elisabeth Lunde
Fysioterapeut (Skjåk)
Jorun Sperstad-Fjeld
Fysioterapeut (Skjåk)