Har du gløymt å sjekke deg? - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Har du gløymt å sjekke deg?

Skjåk legekontor ynskjer på ny å halde «drop-in»-tilbod for kvinner mellom 25-69 år, i samband med kreftforeininga si kampanje #sjekk deg. 

Livmorhalskreft er ei kreftform vi nesten kan utrydde, men da må vi sjekke oss. For mange kvinner sitt det langt inne å bestille seg time til gynekologisk undersøking.

Skjåk legekontor ynskjer på ny å halde «drop-in»-tilbod for kvinner mellom 25-69 år, i samband med kreftforeininga si kampanje #sjekk deg. Vi oppfordar deg til å ta turen til Skjåk legekontor tysdag 17. mars frå kl. 15:30 - 17:00. Du treng ikkje å bestille time på førehand, men melder deg i luka ved ankomst.  

Vi håpar mange vil nytte seg av tilbodet.

 Praktiske hugsereglar for pasientar:

  • Celleprøva bør ikkje takast under menstruasjon.
  • Unngå samleie, tampong eller vaginale kremar dei siste 48 timane før celleprøve-taking.
  • Dersom du har symptom eller plagar frå underlivet, eller har hatt unormale celleforandringar dei siste tre åra, ynskjer legekontoret at du bestiller ein ordinær legetime utanom «drop-in»-tilbodet.
  • Er det vanskeleg for deg å ta celleprøve kan du be fastlege om HPV-heimetest.
Kreftforeningen