Høyring - forskrift om bruk av elektrisk båtmotor på nokre av vatna i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Høyring - forskrift om bruk av elektrisk båtmotor på nokre av vatna i Skjåk

Båt - Klikk for stort bilde Lars Kurt  

Det blir opna for bruk av elektrisk båtmotor på inntil 800 watt på fylgjande innsjøar i Skjåk:

  • Heggjebottvatnet
  • Vuluvatnet (Nysetervatnet)
  • Heimdalsvatnet
  • Grotlivatnet
  • Søre Lægervatnet
  • Nørdre Lægervatnet
  • Langvatnet

Dersom den nye forskrifta blir vedteke, blir det altså lov til å bruke elektrisk båtmotor på inntil 800 watt på desse vatna utan å søke Skjåk kommune. I tillegg er det naturlegvis lov til å bruke elektrisk båtmotor på dei vatna der det frå før er opna for bruk av motorbåt.

Vedlegg

Høyringsfrist

  • 21. mars

Skriftleg svar på høyringa sendast til Skjåk kommune.

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145