Hugs å byte batteri på din røykvarslar!

I samband med den årlege Røykvarslardagen vil brannvesen og eltilsyn (saman med Skjåk Energi) bli å treffe på Skjåk kjøpesenter(Power) torsdag 5. desember kl.12.00-15.00. Møt opp til ein triveleg prat om branntryggleiken.

Klikk for stort bilde

38 utrykkingar til nattbrannar i Oppland

Tre gonger i månaden byrjar ein bustad å brenne midt på natta i Oppland. Nå står brannhøgtida for døra att. 

Brannvesenet i Oppland rykka ut til 38 bustadbranner mellom kl 23 og 07 i fjor. Det blir eit gjennomsnitt på over tre brannar kvar natt kvar einaste måned hele året igjennom, berre i vårt fylke. Nå ber brannvesenet om at alle sjekker røykvarslaren ved inngangen til årets mest brannfarlege månad.

- Når det brenn,er kvart sekund avgjerande. Ein overlev ikkje lenge i ein bustad som raskt blir fyllt opp av røyk, så ein er heilt avhengig av tidlig varsling for å redde seg sjølv og dei man bur saman med.

Byt batteri i røykvarslaren

Alle bustadar skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg og du må ha minst éin varslar i kvar etasje. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

- Ein fungerande røykvarslar er vaken og følger med, også når du søv. Sørg for å gå brannsesongen i møte med nye batteri, og kontroller at du høyrar varslaren godt. 

Desember og januar mest brannfarleg

Desember og januar er årets mest hektiske måneder for brannvesenet i Norge. 

- Vi trekker innadørs, fyrer i peisen, lager feit mat på komfyren, tender lys og ikkje minst – drikk meir alkohol. Denne kombinasjonen er direkte brannfarleg.

Lokale arrangementer 

I forhald til Røykvarslardagen 2019, blir Lom og Skjåk brannvesen og eltilsyn blir å treffe Coop Extra i Lom tysdag 3. desember kl. 11-14 og
på Skjåk kjøpesenter v/ Power torsdag 5. desember kl 12-15
Her blir det utdeling av kampanjemateriell, og anledning til å ta ein prat om branntryggleik.


På roykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken. 

Kontaktpersoner lokalt:
Unni Merete Lund, branninspektør Lom og Skjåk brannvesen  tlf 959 89 948

Fakta: 

Totalt har brannvesenet rykket ut 907 ganger til boligbranner mellom kl 23 og kl 07 i løpet av 2018. 

Antall boligbranner på natten per fylke: 


Fylke    Antall 
Oslo     207
Trøndelag     75
Hordaland     69
Akershus     58
Rogaland     58
Vestfold     50
Vest-Agder     45
Nordland     43
Østfold     41
Oppland     38
Buskerud     36
Møre og Romsdal     35
Aust-Agder     34
Telemark     32
Finnmark     28
Hedmark     26
Troms     20
Sogn og Fjordane     12
Totalt    907
    

Kontakt

Unni Merete Lund
Branninspektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 948