Hugs å melde deg på UKM innan 8. januar 2020

UKM (Ungdommens Kulturmønstring - Ung Kultur Møtes) er eit nettverk av små lokale festivalar der ungdom kan delta med alle typar kulturuttrykk.

  

UKM  Norddalen 2020 blir arrangert i Otta kulturhus fredag 31. januar og laurdag 1. februar.

Her melder du deg på:

Kva er UKM?
 

Ynskjer du å skape noko, møte likesinna og utvikle talentet ditt? UKM er ein møteplass for ungdom og kultur, der vi skapar noko saman.

Her kan du syne fram det du brenn for, eller hjelpe andre å bli sett. I UKM er alle kulturelle uttrykk velkomne, anten det er song, fotokunst, cosplay eller moderne dans.

Vi er her for å gje deg moglegheit til å drive med det som interesserer deg. Kanskje oppdager du også noko nytt? Hjå oss kan du vere den du vil.