I dag opna den nye skulen i Skjåk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

I dag opna den nye skulen i Skjåk

Skjåk barne- og ungdomsskule er offisielt opna i dag, måndag 20. aug 2018

Ny skule i Skjåk

Over 200 elevar blei ynskt velkomen på den splitter nye barne- og ungdomsskulen i Bismo. Det var ein stor dag for både små og store når nye Skjåk barne- og ungdomsskule vart teke i bruk.

For dei som ikkje fekk vore med på sjølve opninga vil skulen opne dørene for alle som vil sjå, frå kl. 17-19.

Vedlagt er nokre bilete frå opninga: