Informasjons- og drøftingsmøte

Foreldre ved Skjåk barne- og ungdomsskule, elevane i 7. 8. 9. og 10. klasse, tilsette i skulen og barnehagane, kommunestyret, hovudutval, ungdomsråd og representantar frå kommunale tenester blir inviterte og oppmoda til å stille i møtet.

Spørjeundersøkinga Ungdata

Spørjeundersøkinga er retta mot alle elevane i ungdomsskulen.  Våren 2018 vart undersøkinga gjennomført for andre gong i Skjåk, fyrste gongen var i 2015.

Torsdag 25. oktober kl. 19.00 blir det informasjons- og drøftingsmøte, der Kristine Langmyr frå KoRus-Øst kjem og vil orientere om undersøkinga og nokre av resultata frå Skjåk.

Møtet blir i kantina på ungdomsskulen.

Resultat frå Skjåk kommune

Sjå nettsidene til Ungdata: http://www.ungdata.no/Fylker-og-kommuner/Oppland/Skjaak

Kva er Ungdata?

«Ungdata er lokale ungdomsundersøkelser, som tilbys gratis til alle landets kommuner og fylkeskommuner. Siden 2010 har 439 200 ungdommer fra 405 kommuner og fra Svalbard deltatt i ungdataundersøkelsene. Ungdata gir dermed et godt innblikk i hvordan det er å være ung i Norge i dag.»

Velkomne!                                                                       

Rådmannen