Innspel – Forprosjekt Nord-Gudbrandsdal Friluftsråd (NGF)

Ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå alle seks kommunane i Nord-Gudbrandsdalen saman med Regionrådet, har fått i mandat å lage ein rapport om korleis vi kan etablere eit interkommunalt friluftsråd i regionen.

Målsetting

«Friluftsråda skal arbeide for at alle skal få moglegheit til friluftsliv for helsefremjande, trivselsfremjande og miljøvenleg aktivitet. Friluftsråda skal ta i vare friluftsoppgåver for medlemskommunane og styrkje friluftsarbeidet i sine regionar i nært samarbeid og forståing med medlemskommunar og friluftsorganisasjonar»

Les meir om friluftsråd: www.friluftsrad.no 

Vi ynskjer innspel frå deg

For at arbeidsgruppa skal få eit breitt og variert grunnlag til å skrive rapport, ynskjer vi innspel frå dykk som har interesse og brenn for friluftsliv. Dette gjeld enkeltpersonar, lag og foreiningar, næringsliv og andre grupperingar.

Vi ynskjer innspel på:                                                                                   

  • Målsettinga for eit friluftsråd
  • Organisering
  • Kva eit friluftsråd skal jobbe med
  • Kven friluftsrådet skal jobbe for
  • Kven friluftsrådet bør samarbeide med

Frist for attendemelding er 20. juni 2019. 

Innspel sendast til:

Kontakt

Kari Hånsnar
Jordbruksrettleiar / Lom og Skjåk landbrukskontor
Mobil 991 62 602