Invitasjon til foredrag med Vigdis Refsahl - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Invitasjon til foredrag med Vigdis Refsahl

Invitasjon til foredrag for foreldre/føresette til barn i barnehagen og skule (1. - 4.kl.) 

KORLEIS FORELDRE KAN STØTTE BARNA SINE SPRÅKLEGE FØRESETNADER FOR LESING OG SKRIVING 

  • Tidspunkt: 17.september kl. 19.00 – 20.30
  • Stad: Utgard
  • Foredragshaldar: Vigdis Refsahl  
  • Målgruppe: Foreldre/føresette til barn i barnehagen og 1. - 4.kl. 

Vigdis arbeider i Statped, ei statleg spesialpedagogisk teneste for alle kommunar  i landet.  Ho er kjent som ein særdeles dyktig kurshaldar i temaet lesing og skriving.  Vi som arbeider i skulen har kjent henne sidan 2011 da ho hadde ei fleirårig kursrekkje for lærarane  i regionen.  Ho er nå i gang med ei ny kursrekkje, der også barnehagen deltek. 

Føresette spelar ei viktig rolle i barna si lese- og skriveutvikling, noko vi veit Vigdis formidlar på ein engasjerande og lettfatteleg måte. Nytt derfor høvet til å få meir kunnskap om korleis du kan hjelpe barnet ditt.  


VELKOMNE!