Ivar Bø vart tilsett som ny rådmann - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ivar Bø vart tilsett som ny rådmann

Ivar Bø vart ved vedtak i Skjåk kommunestyre 29.11.2018 samrøystes tilsett som ny rådmann i Skjåk kommune frå 1.4.2019.

Bø er 51 år gamal, opprinneleg frå Stryn og i dag busett i Larvik. Bø har brei erfaring frå kommunesektoren og er i dag kommunalsjef i Sørum kommune innan område utdanning og oppvekst. Han har tidlegare også vore kommunalsjef innan tenesteområde kultur, helse og omsorg, og har erfaring frå både større og mindre kommunar.

Av utdanning har Bø pedagogisk utdanning frå universitetet i Oslo og leiarutdanning frå BI.