Jordmor i 52 % vikarstilling - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Jordmor i 52 % vikarstilling

Skjåk kommune har ledig 52 % vikarstilling som jordmor i jordmorvakt ut oktober 2026, med varierte oppgåver innan svangerskapsomsorg og kvinnehelse i eit regionalt samarbeid.

Ledig vikariat som jordmor i jordmorvakt (52 %)

Jordmorvakta har ein rullerande turnus på 6 veker med vakthelg kvar 6. helg. Arbeidstid er 1,5 døgn pr veke med vakt, og ei veke er heilt vaktfri. Stillinga kan bli forlenga. Dei 6 kommunane i Nord-Gudbrandsdalen har eit regionalt samarbeid med mellom anna jordmorvakt på Nord-Gudbrandsdal Lokalmedisinske senter på Otta i Sel kommune. Stillinga er Skjåk kommune sin del inn i vaktsamarbeidet. Implisitt i vaktordninga er det å ta imot henvendingar frå gravide, bistå legar på legevakt i svangerskapsomsorg, rettleie i amming og fylgje fødande i ambulanse til SI Lillehammer, Kvinneklinikken. Kvinnehelse er også eit fokusområde i stillinga.

Kvalifikasjonar 

  • Du må vere autorisert jordmor, og helst ha erfaring som jordmor.
  • Godkjent politiattest.

Vi vektlegg at du 

  • har kunnskap og interesse for kvinnehelse.
  • er motivert til å jobbe tverrfagleg og heilskapleg.
  • likar å jobbe sjølvstendig.
  • til ei kvar tid held deg fagleg oppdatert både i teori og i praktisk arbeid.
  • ynskjer å utvikle både deg sjølv og faget.
  • har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
  • har grunnleggjande kjennskap til bruk av IKT.
  • har førarkort for bil.

Hjå oss får du

  • tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale.
  • pensjonsordning i KLP.

Spørsmål rettast til kommunalsjef Inger Helene Brandsar, mobil 901 23 165.

Søknadsfrist 17.05.2026

Elektronisk søknadsskjema 
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Vil du vite meir om Skjåk?

Les meir om bygda og barnehagane våre på: Skjåk kommune
Tilflyttarkonsulenten vår kan vere til støtte når du skal finne eigna bustad, gje deg nyttig og nødvendig informasjon, og ikkje minst hjelpe deg med å finne din plass i Skjåk. Ta kontakt med Heidrun Israelsen, prosjektleiar for Sats på Skjåk - tlf. 99427902.

Meir informasjon om å livet i bygda finn du på nettstaden www.skjak.no

Sletting av studielån

Visste du at når du er busett i Skjåk, samt er yrkesaktiv i eller utanfor kommunen - da kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år?
Les meir om Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Kontakt

Inger Helene Brandsar
Kommunalsjef
Telefon 901 23 165