Kommuneplanens samfunnsdel for Skjåk 2027-2036 – varsel om oppstart og høyring av planprogram.Formannskapet i Skjåk har vedteke å varsle oppstart for kommuneplanens samfunnsdel og å leggje forslag til planprogram til offentleg ettersyn og høyring. Vedtaket vart gjort i møte 18.2.2026, sak 12/2026. Forslag til planprogramForslaget til planprogram syner korleis arbeidet med kommuneplanen blir lagt opp og gjennomført og kva tema som er særleg relevante i planarbeidet.Formannskapet sitt vedtak og forslag til planprogram er vedlagt her i artikkel. Papirkopi kan du finne i sørvistorget på kommunehuset og på Skjåk folkebibliotek. Alle har høve til å seie noko om innhaldet i planprogrammet, og dersom du har innspel kan du sende desse på mail til post@skjaak.kommune.no. Dit kan du også rette spørsmål om planarbeidet.Fristen for innspel Fristen for innspel er 9. april 2026.Vedlegg:Planprogram til høyring og offentleg ettersyn (PDF, 524 kB).Saksprotokoll Planprogram for kommuneplanens samfunnsdel - høyring og offentleg ettersyn (PDF, 42 kB). Sist endret 19.02.2026 13.51