Kompensasjonsordning for lokale verksemder - søknadsfrist 29. september

Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Skjåk kommune har fått kr. 448.000,- til fordeling. Midlane må delast ut innan 1. november. 

Om tilskotsordninga

Målet for ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særs hardt ramma av lokale og nasjonale smitteverktiltak i samband med pandemien. Ordninga skal fungere som ein kommunal ventilordning for å kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Skjåk kommune har ein sum til fordeling og det kan bli naudsynt med ei prioritering av søknadane etter skjønn. Det er ikkje alle verksemder som søkjer som vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut.

Alle opplysningar i søknaden vil bli journalført og dermed bli offentleg informasjon.

Søknaden må innehalde følgjande:

  • Kort beskriving av korleis bedrifta har vorte ramma av omsetningssvikt på grunn av korona eller meirkostnadar på grunn av smittevernrestriksjonar (legg med som vedlegg).
  • Årsregnskap (samanstillingar) for 2019 (referanseår), 2020 og 1. halvår 2021. Virksomheter som har fått vesentleg redusert sitt årsresultat for år 2020 og 1 halvår 2021 på grunn av Covid 19 skal vektlegges under denne kompensasjonsordningen
  • Omsetningstap i perioden frå 1. januar 2021 til 1. juli 2021, samanlikna med fyrste halvdel av 2019 (referanseår). Ein kan søkje om kompensasjon på inntil 60% av omsetningstapet.
  • Om bedrifta har motteke bagatellmessig støtte dei siste tre regnskapsåra + fyrste halvår av 2021, og eventuelt kor mykje.
  • Om bedrifta har falt heilt eller delvis utanfor andre kompensasjonsordningar

Bedrifter som er etablert etter mars 2020 kan også søkje, dei må da dokumentere meirkostnadar knytt til smittevernstiltak på grunn av korona.

Kven kan søkje om midlar?

  • Søkjar må ha eit organisasjonsnummer
  • Bedrifta må ha forretningsadresse og halde til i Skjåk kommune.
  • Bedrifter som i samråd med smittevernlege  har måtte stenge på grunn av lokale smitteutbrot kan søkje kompensasjon for den gjeldande periode.
  • Bedrifter som på søknadstidspunktet er under konkursbehandling eller under frivillig eller avvikling kan ikkje søkje
  • Bedrifter som søkte på runde 1 og 2 kan søkje på nytt att i runde tre, men tidlegare tildeling vil bli vektlagt.
  • Bedrifter som ikkje har tilsette får ikkje kompensasjon

Alle søknadar skal sendast via www.regionalforvaltning.no innanfor fristen 29. september