Korleis lagre vatn som står seg i fleire år?

Har du det du treng for å ta vare på deg sjølv og dine næraste i tre døgn? Har du til dømes nok vatn? 

Du har nok allereie mykje av det du treng for å klare deg sjølv i tre dagar, så ofte er det ikkje så mykje som skal til for at du og dine næraste blir litt betre førebudd til ei eventuell krise. Kanskje er det berre vatnet du manglar?

I videoen under kan du sjå eit intervju med Line Angelhoff frå Folkehelseinstituttet som forklarar korleis du skal gå fram for å lagre drikkevatn som held seg i årevis. 

Lurar du elles på kva du bør ha i eigenberedskap? Les meir om eigenberedskapslager her.