Koronavaksinasjon - 3. dose for deg med alvorleg svekka immunforsvar

Adobe Stock lisens - Klikk for stort bildeKoronavaksineringPersonar som har alvorleg svekka immunforsvar får tilbod om ei tredje vaksinedose. 

Er du av dei med alvorleg svekka immunforsvar får du brev frå sjukehuset. Du kan bestille time før du får brevet ved å ta kontakt med legekontoret i Skjåk på telefon 61 21 71 00 

Du vil da bli satt opp på time for vaksinasjon på Helsestasjonen. Du må kunne vise dokumentasjon på at du tilhøyrer ei av gruppene. 

Følgande pasientgrupper kan motta 3. dose med koronavaksine:

  •  organtransplanterte
  • beinmargstransplanterte siste 2 år
  • har alvorleg eller moderat medfødt immunsvikt
  • har alvorleg nyresvikt (stadium 5) og er i behov for dialysebehandling (dei fleste i denne gruppa vaksinerast på sjukehuset på Sjukehuset Innlandet)
  • har avansert eller ubehandla hiv-infeksjon
  • er under pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak
  • er kreftpasient med aktiv eller nyleg gjennomgått immundempande behandling (MÅ vente på brev frå spesialisthelsetenesta da desse vil få individuell vurdering)
  • brukar immundempande medisinar

NB! Det er sjukehuslegane som vurderer kven som får tilbodet om ei tredje dose. Er du i tvil om du tilhøyrer nokon av gruppene, så må du vente på brev frå spesialist, eller ta kontakt med spesialist. Det har ingen hensikt å kontakte fastlegen.

Kontakt

Skjåk legekontor
Telefon 61 21 71 00

NGLMS - legevakt og legevaktsentral Otta