Kva gjer du dersom du vert sjuk og testar positivt?

Sjølvtest - Klikk for stort bilde AdobeStock Dersom du vert sjuk bør du teste deg, anten på legekontoret eller med ein sjølvtest heime. Her får du oversikt over kvar og kven som kan få sjølvtestar, og info om sjølvregistrering ved positiv test. 

Dersom du vert sjuk bør du teste deg, anten på legekontoret eller med ein sjølvtest heime.

Henting av sjølvtest

Sjølvtestane kan du hente ved å melde deg (fysisk) ved ambulanseinngangen på Skjåk legekontor mellom kl 11 og 14 på virkedagar. (Ambulanseinngangen finn du på baksida av Skjåk kommunehus ved teststasjon/telt)

Om sjølvtesten er positiv skal du gjere følgande:

  1. Set deg sjølv i isolasjon fram til 6 dagar etter at du fekk symptom. Om du ikke har symptom skal du vera i isolasjon fram til 6 dager etter testtidspunkt. Du treng ikkje teste deg på ny etter desse 6 dagane, men du må ha vore feberfri i minst 24 timar før du kan gå ut av isolasjon.
  2. Dei du bur med skal teste seg med sjølvtestar dagleg fram til 4 dagar etter at du er ute av isolasjon. Husstandsmedlemmer treng ikkje vera i karantene dersom dei testar negativt.
  3. Gje beskjed til andre nærkontakter at dei kan ha vorte smitta. Dei skal da teste seg på dag 3 og 5 etter at de var i kontakt. Nærkontaktene kan òg hente sjølvtestar.
  4. Har du teke tre vaksinedoser, så skal du registrere deg som smitta på kommunen si side for sjølvregistrering. (sjå også lenke på knapp sist i sak)
  5. Om du ikkje har teke 3 vaksinedoser, så skal du melde frå til legekontoret på telefon 61 21 71 00 for vidare beskjed.

 

Sjølvregistrering - registrer deg som smitta her.

Du får ikkje gratis sjølvtest dersom du:

  • skal gjennomføre rutinetesting i regi av arbeidsgjevarar.
  • skal teste deg før arrangement og sosiale samankomstar i offentleg eller privat regi.