Marlosbrua er stengt for all trafikk - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Marlosbrua er stengt for all trafikk

Lars Kurt Haugen Marlosbrua er stengt for all trafikk på ubestemd tid

Marlo bru, Fylkesveg 2646, er i dag undersøkt av kontrollørar frå Statens vegvesen(SVV). Det er ei opplagring på brupilaren nærmast Marlo som her falt av,(sideforskyving av pilaren), og dette gjer at brua blir ustabil, og dermed må vi stenge brua.  Årsaka får være opp til SVV å konkludere med da det kan være samansett med fleire faktorar. 

Reparasjon av Marlo bru blir omfattande, og fleire undersøkingar må til før vi veit meir. Marlosbrua blir stengt for all trafikk i tida som kjem, dette gjelder også for dei mjuke trafikantane (fotgjengarar og syklistar)
Innbyggarar må forberede seg på at dette vil ta tid.

Marlosbrua 

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890