Med Skjåk kommune ute i verda - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Med Skjåk kommune ute i verda

Prosjektgruppa i innovasjonsprosjektet «Berekraftig bufellesskap 2020-2050» er på studietur i Nederland.

  

Nederland

Vi er no på veg til «Health Valley» i Nijmegen kommune. Dei vil orientere oss om korleis kommunen har organisert sine helsetenester og om samarbeidet dei har med aktørar frå universitets- og innovasjonsmiljøet som er samla i Health Valley.

Vi ser fram til ein spennande dialog og utveksling av erfaringar. Dette vil vere av stor interesse og til inspirasjon for oss i utviklinga av våre tenester i Skjåk.

Vi takkar Fylkesmannen i Innlandet for midlar som gjer dette mogleg for oss.

Helsing frå oss i prosjektgruppa